Lillepigge Charlie

– ei historie frå ein innringar

Bilde-lc1Ein sommar såg vi ein bitteliten pinnsvinunge som rusla utanfor huset vårt. Vi har aldri sett eit så lite pinnsvin før, og studerte det på avstand. Det såg friskt ut, og slik som så ofte andre tenkjer, trudde vi at mora var i nærleiken. Vi såg ikkje meir til han på fleire dagar, og tenkte som i eventyra at han gjekk ilag med mora si og hadde det bra. Heile 5 dagar etterpå, fann vi han liggande på plenen i skuggen, svak og kald. Vi såg på kvarandre med angrande blikk, og tenkte ”Kvifor gjorde vi ingenting på fredag? Kva skulle vi ha gjort? Og kva i alle dagar gjer vi no?

Medan mannen min passa på det ute, så søkte eg på internett etter råd. Der lyste det eit telefonnummer opp i mot meg. Eg ringde nummeret, som var til Pinnsvinhjelpen. Der snakka eg med ei hyggjeleg dame som var klar på at vi måtte ta han inn med ein gong! Han var for liten til å klare seg sjølv og kunne ikkje liggje der… Det blei i så fall ein sikker død. Dama forklarte klart og tydeleg kva eg skulle gjere, og medan eg noterte det ned, så sprang eg rundt meg sjølv og leita fram diverse eg måtte ha. Vi avslutta samtalen inntil vidare, for no måtte eg agere! Vi tok han med inn og laga til ei kasse med avispapir og handduk, la så ei varmeflaske med ein handduk oppå der igjen. Lillepigge Charlie, som vi kalla han, la vi på varmeflaska, og prøvde gi han vatn og kokt egg. Det var det vi hadde i hus som han kunne ete. Han drakk 2 dropar vatn og sovna. Han var nesten livlaus, men pusta. Butikkane var stengt, og vi fekk ikkje kjøpt morsmjølkerstatning for katt til han, så vi gjekk over til sukkervatn. Vi sjekka om han hadde flugeegg eller larvar på seg, og det hadde han heldigvis ikkje.

Denne lille vennen var berre 81 gram, dehydrert og kjempetynn. Han skulle aldri ha vandra slik aleine. Han trengde hjelp, og no var han i våre hender.

Eg tok han med på jobb dagen etter og sprang til dyrebutikken og fekk tak i riktig mjølk, for så å haste vidare til apoteket for å få tak i sprøyte. Lillepigge Charlie låg på varmeflaske i ei kasse på kontoret mitt og kunne dø når som helst! Endeleg hadde eg alt eg trengde, og pressa tuppen på sprøyta inn mellom tennene hans. Han drakk 1 ml med litt tvang, og sov igjen. Ved lunsjtider så drakk han 1 full sprøyte, som var ca 3,5 ml. Han livna til og begynte å reagere på berøring og lydar ved å rulle seg saman. Er det verkeleg håp for Lillepigge Charlie??

Bilde-lc2Heime fekk han meir morsmjølkerstatning, og det var artig å sjå kor han beit på sprøyta for å få meir. Eg sette fram ei skål med ei te-skei blaut kattemat medan han sov litt, og då eg og mannen min kom inn att frå hagen stod han på sine ustøe bein og slafsa i seg all maten og beit vidare på skåla. Han fekk ei skei til. Dette var godt!! Matlysta var tilbake! Og eg skal sei det vart liv i leiren! Han kravla rundt, mykje stødigare enn før, gjorde frå seg, beit på handduken, ruska rundt, velta huset sitt og jobba på! Det gjekk overraskande fort frå å vere «nesten død» til såpass livleg som han var. Vekta auka mykje frå dag til dag, og appetitten var stor.

I skrivande stund er det gått to år sidan vi sette han ut att, etter ein vinterdvale i kassa si på eit kaldt rom. Han vart ein meget stor og sterk kar til slutt, som ivrig gjekk på jakt etter mat og damer den vårnatta vi opna døra i innhegninga vår inne i hagen. Og no, to år etterpå, har vi ein pinnsvin-kar i hagen enno, som ruslar rundt, får mat og eig heile eigedomen. Kongen!

Det må vere Lillepigge Charlie som har vorte konge over sitt rike!